Sidearrangement til Arctic Frontiers organisert av Arven etter Nansen
Korleis kan kunnskap frå avanserte forskingsprosjekt nå ut til publikum og dei som har mynde til å ta avgjersle? Korleis kan vi auke kompetansen til forskarar slik at dei syne fram sine resultat i eit format som er nyttig for dei som skal bruke det i kvardagen?
Dette arrangementet fokuserer på forskingsresultat, kunnskapshol og dialog om tema relatert til ver, økosystem, miljøgifter, sjøiskanten og framtida for Barentshavet.
Gjennom korte presentasjonar frå forskarar og brukargrupper, satsar vi på ein dialog om viktige og relevante årsakar knytt til Barentshavet og det Arktiske miljøet i havet. Målet er å få forskingsresultatet omgjort til kunnskap og bygge eit meir informert samfunn med sterkare samarbeid mellom forskarar at dei som tek avgjersler.
Arven etter Nansen prosjektet er eit samarbeid mellom Norges arktiske og marine forskingsmiljø for å produsere kunnskap for samfunnet gjennom eit berekraftig forvaltning av Barentshavet. Fokuset til prosjektet er å forske på klimaendringar og økosystemet i den nordlegaste regionen av Barentshavet.
Eit felles team på nær 200 forskarar med forskjelleg forskingsfagleg bakgrunn frå universitet til forskingsinstitusjonar har starta arbeidet med å invitere inn til dialog for å finne ut korleis informere på best mogleg måte gjennom prosjektet.
Presentasjonar:
- Tor Eldevik, Bjerknessenteret
- Stig-Morten Knutsen, Oljedirektoratet
- Malte Müller, Norsk Metrologisk Institutt
- Øyvind Rinaldo, Kystverket
- Leif Christian Stige, Universitet i Oslo
- Anne Christine Brussendorf, ICES
- Geir Wing Gabrielsen, Norsk Polar institutt
- Rolf Rødven, AMAP
Dato: 27/01/2020
Stad: Clarion Hotel – The Edge
Tid: 16:15 – 17:4