Iskantsonen – Meir enn kva det blotte auge ser

Iskantsonen er eit heitt politisk tema som ofte er oppe til diskusjon. Vi snakkar om utvinningstillatingar, fiskeriaktivitet og no dei siste åra om ein auka aktivitet i nordlege delen av kloden. Det er og ein klar forventa vekst i blå økonomi framover i Noreg.

No inviterer Arven etter Nansen-prosjektet deg inn til å få eit innblikk over Barentshavet og Polhavet. Kva er det med dette område i nord som er så spesielt at vi lager til eit grunnlag for framtidig forvaltning

– I to timar skal vi prøve å komprimere 6 år med forsking frå over 300 forskarar som har publisert nesten 200 vitskaplege artiklar, og gi deg ein liten smakebit. Det er mange timar med forsking og resultat! Vi er ikkje Noregs største samarbeidsprosjekt for utan grunn, Seier Charlotte Stark, kommunikasjonsansvarleg i prosjektet.

Ho peikar og på at dei forskar på alt mellom himmel og jord, alt i frå satellitt til havbotn.

Forskarar veit at ein treng kunnskap, gode reguleringar og forvaltning om Barentshavet for at vi skal kunne ta vare på det på best mogleg måte. 

– Forskarane har gjennom desse åra sett betydelege klimaendringar i Polhavet, observert ein vinterhavis i endring og sett at interessa for å auka menneskeleg aktivitet i område er stor, fortel ho.

Har du lyst til å delta for å sjå korleis det heng saman, så er du velkomen til Tallhall, Meteorologisk institutt 17. oktober kl. 14:00 – 16:00.

ISKANTSONEN – MEIR ENN KVA DET BLOTTE AUGE SER

(Ill. av Frida Cnossen, Arven etter Nansen) 

PROGRAM

Kva skal du få lære? Du skal få lære om framtidas vêr, iskantsonen, endra hav, klimaendringar i området og korleis dei påverkar oss.

Stad: Tallhall, Oslo Meteorologiske institutt, kl. 14:00 – 16:00.

14:00 – Velkomen av Charlotte og Kai – kontekst og presentasjon av tema undervegs.

Alle får 8 minutt kvar til å fortelje dykk om kva som er viktig.

Kai Håkon Christensen (MET) – Dagens situasjon, ein fot i bakken for Arktis.

Øyvind Lundesgaard (NP) – Varmt vann i ishavet

Malte Müller (MET) –  Menneskeleg aktivitet og endra vêrvarsling

Agneta Fransson (NP) – Auke i klimagassar og havforsuring

Nicolas Dupont (UiO)  – Polartorsken, kvifor er denne arten viktig for arktiske økosystem?

Tor Eldvik (UiB/Bjerknessenteret) – Iskanten; i Barentshavet og på Stortinget

Jean Rabault Førland (MET) – Kvifor er det viktig å forstå at havisen endrar seg?   

Martin Ludvigsen (NTNU) – Vi trenger ikkje sende menneske for å forske i eit sårbart område

Van Khoung Dinh (UiO) – Framtidas Barentshav 2050 – Kva er framtidsutsiktene for området?

Etterpå skal alle kome fram og de kan stille fellesspørsmål, eller de kan snakke med forskarar direkte etter spørsmålsrunda.

Vi har og eit stort bilde- og filmarkiv frå tokt.  

Oppdag mer fra Arven etter Nansen

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese