Møtast for fyrste gong etter Covid nedstenging

Etter to år med digitale møte var styre i Arven etter Nansen samla til eit fysisk møte ved UiT i dag

Nytt i haust er at styret no er utvida med to representantar for å inkludere brukargrupper og yngre forskarar frå prosjektet. Etter nokre utskiftingar i laupet av siste året er det også fleire representantar frå ulike institusjonar som også fekk møtast for fyrste gong i styresamanheng.

 

Prosjektet går no inn i si siste fase, og har no fokus på å samstille resultat frå prosjektet, men også å ivareta samarbeidet på både forskar- og institusjonsnivå som ein har bygd opp gjennom prosjektperioden. Camilla Brekke, prorektor ved UiT og styreleiar i Arven etter Nansen er veldig nøgd med prosjektet ho er ein del av.

 

– Det er ingen tvil om at dette forskingsprosjektet er ein stor suksess. Prosjektet leverer forsking i verdsklasse, der forhalda i den nordlege delen av Barentshavet vert framheva gjennom eit solid tverrfagleg samarbeid. Særleg viktig er det å merke seg at eit 70-talls yngre forskarar no spring ut av prosjektet. Dette er neste generasjon polarforskarar, og styret i Arven etter Nansen er særleg opptekne av at Noreg bør satse strategisk på denne gruppa no framover, seier Brekke.

 

Arven etter Nansen er eit unikt prosjekt i nasjonal samanheng i kraft av storleiken og den faglege bredda. 230 forskarar frå ti institusjonar samarbeider om å forstå korleis endringane i klima og menneskeleg aktivitet påverkar økosystem i den arktiske delen av Barentshavet.

 

Styret Arven etter Nansen 2022 - møte i Tromsø

Styret i Arven etter Nansen består av:  Camilla Brekke (UiT, styreleiar), Maria Fossheim (HI, nestleiar), Nils Chr. Stenseth (UiO, nestleiar), Nalan Koc (Norsk Polarinstitutt), Sverre Steen (NTNU), Lars Anders Breivik (MET), Annette Samuelsen (Nansensenteret, vara), Anita Evenset (Akvaplan-niva), Øyvind Fiksen (UiB), Rolf Rødven (AMAP, brukerrepresentant), Christine Gawinski (UiT, PhD student).  Marit Reigstad (UiT, prosjektleiar via skjerm) og Stephen Coulson (UNIS) var ikkje tilstade då bildet ble tatt.