Nye artar i Arktis aukar

Artsmangfaldet vert større i Arktis for kvar år, med mykje nye artar frå sør som kjem til. Randi Ingvaldsen (HI) og Raul Primicerio (UiT) arbeider i prosjektet Arven etter Nansen, og seier at desse artane vil presse ut eksisterande artar, og vil nok på sikt endre heile økosystemet i Barentshavet. Dette er ikkje gode nyhende for artar som allereie lever der.

Men kvifor kjem dei sørlege artane nordover?

– Det har vore iskaldt, arktisk hav, men no liknar det stadig meir på områda lenger sør, seier Randi.  

Oppvarma vatn frå Nord-Atlanteren renner inn i dei arktiske havområda, og slik har det eigentleg alltid vore. Men noko endra seg etter år 2000.

– Me har kalla denne endringa for ein «atlantifisiering» av dei arktiske havområda. Det tydar at dei varmare og isfrie områda har utvida seg nordover, som gjer at dei arktiske områda har blitt mindre, seier ho.  

Nokre artar er avhengig av isen?

Raul Primicerio studerer artsmangfaldet i havet og seier at det finnes mange Arktiske arter som er tett kopla til og avhengig av isen.  

– Viss isen forsvinn, så vil desse artane slite og mest sannsynleg forsvinne, seier han.

Korleis får vi eit overblikk over kor mykje nye framande artar kjem til Barentshavet?

Ein kan berre forsøke å gi eit estimat over kor mange nye artar som har kome til Barentshavet, basert på dei observasjonar vi har frå overvaking og forsking.

– Artar som er nyleg observerte er ikkje kartlagt tidlegare er sannsynlegvis nye artar. Kartlegging av biodiversitet kan i dag nytte tilnærmingar ved å nytte eDNA, men dessverre er desse metodane berre nyleg etablert, og dermed er det ikkje mogleg å samanlikne med liknande, tidlegare undersøkingar for å finne ut kva type nye artar har kome til Barentshavet, fortel Raul.

Kva vil dette tyde for økosystemet for framtida, trur du?

Barentshavet økosystemet er i rask endring og det vil påvirke hvordan økosystemet fungere og hvor sårbar til ytterligere miljø endringer den kommer til å være i framtiden.  

Randi Ingvaldsen. Foto: HI

Raul Primicerio. Foto: UiT