Varmare Atlanterhavsstraum kan forklare havissmelting nord for Svalbard

Lenge har ein tenkt at varmt vatn som flyter langs Svalbards vestkyst transportar nok varme til å smelte havis effektivt. Til tross for denne teorien, er det naudsynt å ha nok målingar for at Atlanterhavsstraumen for å bevise dette.

I ein ny studie har Pedro Duarte med kollegaer nytta seg av metrologiske data, satelittobservasjonar av konsentrert havis og drift av isen inn i ein modell der dei synar at mesteparten av isen i Yrmak platået smeltar innan få veker.

Studien syner også at Atlanterhavsstraumen kombinert med stormar lagar nok varme til å halde områda isfrie. Når Atlanterhavsstraumen er nært havoverflata og tempraturen er nærare 5 grader, så er ikkje stormar lenger naudsynt for å halde på varmen for å smelte havisen.

Sidan mengda med varme transportert av Atlanterhavsstraumen og antal stormar har auka over fleire tiår, trur forskarane at den isfrie perioda vil vare lenger i framtida, som igjen vil påverke havisen si røysle, med transportering av vassmasser, marin økologi, havisdekke til kommersiell aktivitet som fiske og transport.

warm Atlantic water melts sea ice outside Svalbard

Utdrag frå artikkelen: RV Lance drifts (white lines) between 15 January and 22 June 2015 during the N‐ICE2015 expedition, from the Nansen Basin and across the Yermak Plateau, with underlying topography. Start and end dates of the drifts are given for the four ice floes monitored during the N‐ICE2105 expedition. Vertical arrows with numbers are average heat fluxes (W m−2) measured at the under‐ice boundary layer during the drift of the four ice floes (Peterson et al., 2017). The yellow arrows show the approximate main pathways of the Atlantic water (Yermak and Svalbard pass branches).

Oppdag mer fra Arven etter Nansen

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese