Paul Wassmann mottek internasjonal pris for sin arktiske forsking

I går melde The International Arctic Science Committee (IASC) at 2023 medaljen går til Professor Paul Friedrich Wassmann her ved UiT. Han får utmerkinga for sitt eineståande og langvarige arbeid for å forbetre kunnskapen om økologien i Polhavet og evna til å kombinere solid vitskap og heilskapleg drivkraft for å bringe saman ulike disiplinar.

– Vi i prosjektet Arven etter Nansen seier oss eining i komiteens ord og gratulerer han så mykje med utmerkinga. Vi takkar også for hans engasjement inn i prosjektet der vi bygg vidare på ideane hans om eit heilskapleg bilete av Arktis, seier prosjektleiar Marit Reigstad.

Vart vald grunna erfaring og eigenskap til å bringe saman forskarar
IASC seier samstundes at Wassmann vart valt på grunn av hans vitskapelege ekspertise og eksepsjonelle bidrag for å forstå Polhavet og for hans eigenskap til å bringe saman ulike disiplinar og nasjonalitetar for å takle store vitskaplege utfordringar som oftast er for vanskeleg for å gjere for ein forskar.

Professor Wassmann har arbeidd jamt og trutt og gitt forskarmiljøet innan arktisk forsking kunnskap gjennom nesten fem tiår. Han har forma dagens vitskap og korleis vi forskar i denne regionen. Paul dedikerte interesse har gitt oss eit heilskapleg bilete av Arktis, der vi berre såg brotstykke av områder før, skriv IASC på sin nettstad.

Les komiteens grunngjeving her: https://iasc.info/news/iasc-news/1095-iasc-medal-2023-awarded-to-professor-paul-friedrich-wassmann

Du kan delta digitalt på Paul Wassmann sitt foredrag 23. februar i Wien og utlevering av utmerkinga. Meir info finn du her: www.iasc.info

 

Oppdag mer fra Arven etter Nansen

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese