Bevis at små organismar i Arktis overlever mørketid under havisen

Viktige grupper av dyreplankton under havisen som planktiske foraminiferer og pteropoder med skal, vart undersøkt gjennom polarnatta i desember 2019. Vi ville sjå korleis dei takla havforsuring og oppvarming av Polhavet. Dei har det fortsatt bra!

Katarzyna Zamelczyk (UiT) er hovudforfattar i denne publikasjonen og kan fortelje oss meir om resultatet av deira siste arbeid.

Kasia presenting her poster at NL annual meeting 2021

Katarzyna Zamelczyk (til høgre) fortel om arbeidet sitt under posterøkt under årsmøte til Arven etter Nansen i oktober tidlegare i år.  Foto: Charlotte Stark, UiT

– Planktiske foraminiferer og pteropoder med skal er viktige grupper av dyreplankton i alle hav. Desse marine organismane brukar kalsiumkarbonatmineralar som er tilgjengelege i havvatnet for å bygge skjela sine, og er derfor viktige indikatorar på havforsuring. Endringar i havkarbonatkjemien og pågåande havforsuring gjer at mange delar av havet vert ikkje metta med desse mineralane, noko som påverkar organismanes evne til å produsere og vedlikehalde skjela sine, informerer ho.

Dessutan er planktiske foraminiferer og skaldyr viktige bestanddelar av næringsnett og bidreg betydeleg til den vertikale fluksen av kalsiumkarbonat i polare pelagiske økosystem.

– Å studere desse marine organismane kan bidra til å utforske korleis akvakultur, fiskeri og næringsnett kan endre seg dersom havmiljøet endrast, seier Zamelczyk.

Zooplankton sample with the concentration of shelled pteropods in the middle of the petri dish.

Ein prøve av dyreplankton med der vi ser avskala pteropoder i midten av petriskåla. Foto: Katarzyna Zamelczyk 

: Under the microscope: Subpolar species Limacina retroversa collected in the Nansen Basin

Under mikroskopet: arten Limacina retroversa samla inn i Nansenbassenget (stasjon P6 – sjå vedlagt kart lenger ned i artikkelen). Foto: Katarzyna Zamelczyk 

Men korleis greier organismar seg i raskt skiftande omgjevnadar?
I den nye publiserte forskinga frå Arven etter Nansen prosjektet, gav no for fyrste gang informasjon om overflod og mangfald av planktiske foraminiferer under isen og avskala pteropoder og vertikal utbreiing i Nansenbassenget og det nordlege Barentshavet under polarnatta i desember 2019. Dei to gruppene av forkalkninger vart undersøkt i ulike miljø for å sjå korleis dei taklar endringar av fysiske og kjemiske eigenskapar i polhavet under havisen.  

– Førekomsten av skjela petropoder under havisen minna meir om den overfloden vi finn i det opne hav, seier Zamelczyk. Dessutan vart den polare pteropod-arten Limacina helicina, som i hovudsak presentert som unge individ funne i overflatevatnet (0-50 m djup) som viser ein preferanse mot kaldt polarvatn med temperaturar under – 0,4C. Dette tydar på at organismane som vart studert takla dei tøffe forhalda, legg ho til.

Førekomsten av foraminiferer var generelt svært låg i studieområdet, berre ein litt høgare førekomst vart registrert i nærleiken av polarfronten.

Fortsatt ikkje nok data

Overflod av levande pteropoder var midlertidig markant lågare enn førekomsten av tomme skal av larveformer til pteropoder. Meir forsking og data er naudsynt for å forklare dynamikken til desse planktiske forkalkningene under arktisk vinter.

– Likevel gir denne studia eit unikt bidrag til vår forståing av mellomsesongmessige variasjonar til planktiske foraminiferer og skjela pteropoder sin overflod, distribusjon og populasjonsstorleik i Polhavet, konkluderer forskaren.

Kart over området toktet gjekk i 2019. P6 stasjonen som nemnt tidlegare ser du i dei to små utsnitta.