Berekraftig fiskeri er blitt foreslått som ein mogleg strategi for å møte krava om økosystemforvaltning innan fiskeri, for å sikre eit høgt berekraftig utbytte samstundes som økosystemet sin struktur og funksjon vert oppretthaldt.
"Vil det det å kunne fiske etter denne modellen gi gevinst på sikt innan tradisjonell fiskeriforvaltning i Norskehavet og Barentshavet?"
Norskehavet og Barentshavet har vore utsett for moderat fiskeribelastning på kommersielle artar, og element av økosystemet har vore basert på dette og ikkje fiskemønster som er foreslått av modelleringa som no er foreslått for å berekraftig fiskeri
I ein studie gjort av Arven etter Nansen PhD student Ina Nilsen og andre, har nytta ein atlantisk økosystemmodell av Norskehavet og Barentshavet for å undersøke effekten som denne modellen kan ha på den eksisterande fiskeriforvaltninga. Dette arbeidet er fyrste som studerer effekten av berekraftig fiskeri i Norskehavet og Barentshavet.
Resultata frå atlantisk økosystemmodell viste at implementering av eit berekraftig og balansert innhaustingsregime i Norskehavet og Barentshavet berre ville gi marginale aukingar i den totale avkastinga av for tida kommersielt godt utnytta bestandar, sannsynlegvis fordi norsk fiskeri allereie stort sett er godt forvalta. Å utvide fisket til å omfatte artar som ikkje per i dag utnyttast kommersielt ga midlertidig høgare avlingar, spesielt på lågare trofisk nivå.
Studien synte også at norsk fiskeri er godt overvaka og forvalta, og allereie scorar høgt når det gjeld eit balansert fiskemønster, med fiskenivå på dei fleste artar nær deira respektive maksimale berekraftige avling. Noko som tydar at det er berre avgrensa gevinst for å implementere modellen på dagens eksisterande fiskeriforvaltning.
Referanse:
Nilsen, I., Kolding, J., Hansen, C., Howell, D. (2020). Exploring Balanced Harvesting by Using an Atlantis Ecosystem Model for the Nordic and Barents Seas. Frontiers in Marine Science 7:386. doi: 10.3389/fmars.2020.00386
Omsetting av artikkelen til Lena Seuthe «Balanced Harvesting» av Charlotte Stark, UiT