Svaret ligg i styrken til Atlanterhavet sine straumar som transporterar store mengder av varmt vatn frå sør til Barentshavet. Varmen frå desse vassmassane smeltar havis som driv inn i Barentshavet frå nord, slik at isen ikkje kan pakke seg slik som den vanlegvis gjer. År med sterk straum frå Atlanterhavet resulterer i eit nesten isfritt Barentshav og motsett.
I ein ny studie har Arven etter Nansen forskar Marius Årthun og kollegaer frå UiB studert i detalj korleis naturlege variasjonar i vatntemperatur og straumen frå Nord Atlanteren påverkar storleiken på det framtidige isdekket i Barentshavet. Studien synar at i ein oppvarma verden kvart år med ekspansjonar til havis sett i vinter er stadig meir usannsynleg, sjølv om det ikkje er heilt umogleg. Det er viktig at det er mogleg å sjå føre seg desse naturlege variasjonane i havis, ut i frå styrken til atlantiske straumar. Ved å bruke denne metoden var Årthun og kollegaer allereie i 2015 i stand til å sjå føre at isen skulle pakke seg i Barentshavet i vinter. Årsaka var ein svakare og kaldare Atlanterhavsstraum dei siste åra.
"Våre resultat syner at i framtida vil det er vere muleg å ha tiårs-periodar med auka isdekke grunna endringar I den atlantiske straumen"
Marius Årthun Tweet

Sesongvarslingar for kvar havisen er til ein kvar tid
Variasjonen i havisen påverkar menneskelege aktivitetar. Kort og langsiktig varslingar av iskantposisjonen er derfor naudsynt for sikre operasjonar i Arktis. Sesongmessege varslingar av havis er framleis i sin spede start, men forskjellege algoritmar produserer allereie sesongbaserte prognosar for havis. Gode metodar for å verifisere og forbetre prognoseferdighetene er fortsatt naudsynt.
Evaluering av ishavsvarsling krev nøyaktige langsiktige satellittobservasjonar av forskjellege haviseigenskapar, for eksempel kor tett og tjukk iskanten er og iskantposisjon. I ein fersk undersøking samanlikna Cyril Palerme og Arven etter Nansen forskarar ved MET historiske iskantprognoser med is-observasjonar via satellitt. Samanlikninga viste at forskjellege metodar for å bekrefte kor sannsynleg det er for å møte isdekka hav har forskjellige styrker og svakheter, og at val av metode vil avhenge av formålet med sesongvarslinga.
Kvaliteten på havisvarsling for navigasjon
I tillegg til sesongvarsel, krev skipsnavigasjon i Arktis kortare varsling av havis av høg kvalitet. For dette formålet er det mange overvakings- og prognoseprodukt tilgjengeleg. Informasjon om forventa nøyaktigheit av data eller modellresultat frå desse er tradisjonelt tilgjengelig som et sett berekningar som følgjer med produkta. Når man samanliknar resultat frå iskanten frå forskjellege produkt, kan nokon faktorar – som store opne områder med vatn i isen eller lokal frysing langs kontinenta – ha ein stor innverknad på kvalitetsvurderinga av varslinga. For å adressere dette undersøkte Arven etter Nansen forskar Arne Melsom og kollegaene ved MET eit stort tal berekningar som vart brukt, og konkluderte med ein anbefalt beste praksis for validering av prognoser for havisen.
Referanser:
Årthun, M., Eldevik, T. and Smedsrud, L.H. (2019). The role of Atlantic heat transport in future Arctic winter sea ice loss. Journal of Climate, 32:3327-3341. doi: 10.1175/JCLI-D-18-0750.1
Palerme, C., Müller, M. and Melsom, A. (2019). An intercomparison of verification scores for evaluating the sea ice edge position in seasonal forecasts. Geophysical Research Letters, 46, 4757-4763. doi: 10.1029/2019GL082482
Melsom, A., Palerme, C. and Müller, M. (2019). Validation metrics for ice edge position forecasts. Ocean Science, 15, 615-630. doi: 10.51947os-15-615-2019